A World of Folk

Skåler med kvit akantus
Frå utstillinga A World of Folk

Utstillinga vil visa korleis nordiske kunsthandverkarar og designarar i dag er opptekne av eit nytt folkloristisk språk og ei ny tolking av design for morgondagen.

Eg vart spurt om eg kunne laga eit nytt verk til bruk i utstillinga, med utgangspunkt i den tradisjonelle ornamentikken eg er så fasinert av. Resultatet vart ei gruppe på tre arbeider med tulipandekor. Inspirasjonen henta eg frå både den tradisjonelle norske folkekunsten og frå motiv høgt skatta i tyrkisk keramikk frå 1600-talet.

I tillegg vart tre skåler og ein kopp med kvit akantusranke vist. Desse var plasserte inni eit skap laga av den nederlandske designaren Piet Hein Eek, der også andre arbeid i keramikk var stilt ut. Eg skulle gjerne hatt det skapet med meg heim etter endt utstillingsperiode ...

Dette er Stavanger2008 si hovudsatsing på kunsthandverk- og design, og utstillinga er kurert av Li Edelkoort.

Utstillingsperiode: 5. juli-5. oktober 2008. Gravarsveien 32, Sandnes.

Skålene i Piet Hein Eek sitt skap
Skål og fat med tulipanranke

Om Torunn

Ved å arbeida i nær kontakt med tradisjonsmateriale, utviklar eg vidare kunnskapen eg fekk frå Ellen Kjærgaard, Césàr Fariña og Hege Stenseng på Pottemakeriet ved Norsk Folkemuseum i Oslo.

 

Bakgrunnen min som etnolog er også til både glede og nytte i arbeidet.

Forhandlarar

  • Raulandsakademiet
  • Torvhuset på Fotland mølle, Time
  • Dalane folkemuseum
  • Gaute Rostrup, Sandnes
  • Husfliden-butikkar over heile landet

Kontakt

Heskestadveien 9
N-4015 Stavanger
tlf.: +47 958 76 353

 

post(snabel-a)maaseidvaag.com

- - - 

Ta kontakt for å avtala møte.