Lyset og landskapet på Tungenes er noko for seg sjølv, anten ein kjem dit om sommaren eller om vinteren.
Denne sommaren får eg spegla det, ytst ute på nordspissen av Jæren, saman med Annlaug Auestad (maleri) og Trine Sundt (glass).
17. juni–26. august 2007. Tungenes fyr, Randaberg.
Opningstider:
Søndagar kl 12–16 (17/6–26/8)
Alle dagar kl 12–16 (2/7–12/8)
Ved å arbeida i nær kontakt med tradisjonsmateriale, utviklar eg vidare kunnskapen eg fekk frå Ellen Kjærgaard, Césàr Fariña og Hege Stenseng på Pottemakeriet ved Norsk Folkemuseum i Oslo.
Bakgrunnen min som etnolog er også til både glede og nytte i arbeidet.
Verkstedet,
Øvre Holmegt. 11
N-4006 Stavanger
tlf.: +47 958 76 353
e-brev: post(snabel-a) maaseidvaag.com
Ta kontakt for å avtala møte.