Gramstadbåten har mista bladene, og greinene er klipt tilbake, inn mot den opphavlege forma. Den viltre og frodige båten frå sommaren og tidleg haust er no meir liknande det strame uttrykket frå etableringa i april.
Gramstadbåten går inn i den første vinteren. Det vert spanande å følgja med på både korleis pil og keramikk vil greia seg gjennom vind, regn, frost og tøvér dei neste månadene.
Ved å arbeida i nær kontakt med tradisjonsmateriale, utviklar eg vidare kunnskapen eg fekk frå Ellen Kjærgaard, Césàr Fariña og Hege Stenseng på Pottemakeriet ved Norsk Folkemuseum i Oslo.
Bakgrunnen min som etnolog er også til både glede og nytte i arbeidet.
Verkstedet,
Øvre Holmegt. 11
N-4006 Stavanger
tlf.: +47 958 76 353
e-brev: post(snabel-a) maaseidvaag.com
Ta kontakt for å avtala møte.