Prosjekt

I hovudsak arbeider eg med å dreia bruksgjenstandar i keramikk. Men eg har også fått prøva meg på større og mindre prosjekt av litt annan karakter.

Den mest omfattande oppgåva eg har gjennomført som keramikar var Land Art-prosjektet parksjefen i Sandnes kommune sette i gang som del av deira kulturhovudstadssatsing. Gramstadbåten, som prosjektet utvikla seg til, var utfordrande og lærerikt. Å arbeida i samarbeid med ein annan kunsthandverkar opp mot både oppdragsgivar og mot skulane for å få eit best mogleg resultat innafor dei rammene som var gitt, gav mykje ny kunnskap.

Eit mindre, men ikkje desto mindre eit spanande oppdrag, var å laga kopiar av mellomalderske salvekrukker til eit bokverk om Karmøys historie. I tillegg til å verta illustrasjon i boka, vart fleire av krukkene kjøpt inn av Nordvegen historiesenter på Avaldsnes.

Eg vonar fleire utfordrande prosjekt vil koma framover!

Samstundes som eg nok trivst aller best med å dreia koppar og kar til kvardagsbruk - - -

Om Torunn

Ved å arbeida i nær kontakt med tradisjonsmateriale, utviklar eg vidare kunnskapen eg fekk frå Ellen Kjærgaard, Césàr Fariña og Hege Stenseng på Pottemakeriet ved Norsk Folkemuseum i Oslo.

 

Bakgrunnen min som etnolog er også til både glede og nytte i arbeidet.

Forhandlarar

  • Raulandsakademiet, Rauland
  • Torvhuset på Fotland mølle, Time
  • Fleire Husfliden-butikkar
  • Museet Kystens Arv, Rissa

Kontakt

Verkstedet,
Øvre Holmegt. 11
N-4006 Stavanger
tlf.: +47 958 76 353

 

e-brev: post(snabel-a) maaseidvaag.com

 

Ta kontakt for å avtala møte.