Eg fann akkurat nokre bilete frå ein av periodane eg var i pottemakeriet på Norsk Folkemuseum. Det er ein så god plass å arbeida! Ein god plass berre å vera også, i grunnen.
Eg er heldig som har fått vera der og lært av Ellen, Césàr og Hege, og det er alltid godt å reisa innom dit når eg er på dei kantar.
Hm. Eg trur eg snart må ha meg ein tur innover igjen - - -
Ved å arbeida i nær kontakt med tradisjonsmateriale, utviklar eg vidare kunnskapen eg fekk frå Ellen Kjærgaard, Césàr Fariña og Hege Stenseng på Pottemakeriet ved Norsk Folkemuseum i Oslo.
Bakgrunnen min som etnolog er også til både glede og nytte i arbeidet.
Verkstedet,
Øvre Holmegt. 11
N-4006 Stavanger
tlf.: +47 958 76 353
e-brev: post(snabel-a) maaseidvaag.com
Ta kontakt for å avtala møte.