Om meg

No deler eg tida mi mellom arbeid med keramikk og med ulike frilansoppdrag som etnolog. Med det sistnemnde er eg del av kontorfellesskapet Verkstedet, eit kreativt og inspirerande arbeidsfellesskap med kompetanse på mange felt. Dei gongene eg kan gjera nytte av begge deler, trivst eg aller best.

Kontoret mitt på Verkstedet i Øvre Holmegate 11 midt i Stavanger sentrum, er kanskje den enklaste staden å få tak i meg. Der har eg rett nok ikkje så mykje keramikk å sjå på, men det er mogleg å koma i verkstaden min og sjå der, om det er ønskeleg. Ta uansett kontakt på førehand, så avtaler me ei tid nærare.

Sjå kart her.

Om Torunn

Ved å arbeida i nær kontakt med tradisjonsmateriale, utviklar eg vidare kunnskapen eg fekk frå Ellen Kjærgaard, Césàr Fariña og Hege Stenseng på Pottemakeriet ved Norsk Folkemuseum i Oslo.

 

Bakgrunnen min som etnolog er også til både glede og nytte i arbeidet.

Forhandlarar

  • Raulandsakademiet, Rauland
  • Torvhuset på Fotland mølle, Time
  • Fleire Husfliden-butikkar
  • Museet Kystens Arv, Rissa

Kontakt

Verkstedet,
Øvre Holmegt. 11
N-4006 Stavanger
tlf.: +47 958 76 353

 

e-brev: post(snabel-a) maaseidvaag.com

 

Ta kontakt for å avtala møte.