I møte med Li Edelkoort sin personlege assistent fekk eg spørsmål om eg kunne utvikla ein ny kolleksjon med tanke på A World of Folk. Eg valde å bruka tulipanen som dekorativt element, eit mykje brukt motiv både i norsk folklore og i orientalsk ornamentikk.
Som ein opptakt til utstillinga på Sandnes skal eit lite utval av gjenstandar visast på Salone Internazionale del Mobile i Milano. Dei ville gjerne ha med mine ting også, så etter nærmast døgndrift for å få alt klart er ei eske med ting no på veg til Italia.
Les pressemeldinga frå Stavanger2008 ved å trykka på linken nedanfor.
| Vedlegg | Størrelse |
|---|---|
| pmAWORLDOFFOLK140408.pdf | 120.21 KB |
Ved å arbeida i nær kontakt med tradisjonsmateriale, utviklar eg vidare kunnskapen eg fekk frå Ellen Kjærgaard, Césàr Fariña og Hege Stenseng på Pottemakeriet ved Norsk Folkemuseum i Oslo.
Bakgrunnen min som etnolog er også til både glede og nytte i arbeidet.
Verkstedet,
Øvre Holmegt. 11
N-4006 Stavanger
tlf.: +47 958 76 353
e-brev: post(snabel-a) maaseidvaag.com
Ta kontakt for å avtala møte.