Det er kjekt å prøva noko nytt!
Nokre pakkar med kvitbrennande steingodsleire har lenge venta på å verta prøvd ut - og no er eg så smått i gang. Det er spanande å sjå kva nye moglegheiter dette kan gje,- eg vil gjerne at dette skal verta noko anna enn det eg har arbeidd med så langt. Så får me sjå etterkvart korleis resultatet vert.
Ved å arbeida i nær kontakt med tradisjonsmateriale, utviklar eg vidare kunnskapen eg fekk frå Ellen Kjærgaard, Césàr Fariña og Hege Stenseng på Pottemakeriet ved Norsk Folkemuseum i Oslo.
Bakgrunnen min som etnolog er også til både glede og nytte i arbeidet.
Verkstedet,
Øvre Holmegt. 11
N-4006 Stavanger
tlf.: +47 958 76 353
e-brev: post(snabel-a) maaseidvaag.com
Ta kontakt for å avtala møte.