No midt i november var det tid for å gå over Gramstadbåten for vinteren. Pilen har gode vilkår her ved Gramstadtjern, og har sett lange skot i løpet av året. Med tanke på å halda fasongen på båten nokolunde intakt var det bruk for å ta saksa fatt.
Samstundes ønskte ein å få ei tettare takflate, så det meste av skota øvst oppe vart bøygde ned og festa til skjelettet. Med det vil neste års skot kunna vera med på å gi ein enno tettare øvste del av konstruksjonen.
Sandnes kommune stilte mannsterkt opp, så det eg trudde skulle verta eit langdrygt arbeid var unnagjort på ein formiddag!
Ved å arbeida i nær kontakt med tradisjonsmateriale, utviklar eg vidare kunnskapen eg fekk frå Ellen Kjærgaard, Césàr Fariña og Hege Stenseng på Pottemakeriet ved Norsk Folkemuseum i Oslo.
Bakgrunnen min som etnolog er også til både glede og nytte i arbeidet.
Verkstedet,
Øvre Holmegt. 11
N-4006 Stavanger
tlf.: +47 958 76 353
e-brev: post(snabel-a) maaseidvaag.com
Ta kontakt for å avtala møte.