Dei første åra arbeidde eg utelukkande i blåleire frå Sandnes. Fargen på sjølve godset er djup og varm, og den er smidig og god å arbeida med på dreieskiva. Høvet til å bruka lokale råvarer, samstundes som at dette var den leira som den tradisjonelle keramikken var laga av, var også viktige grunnar til å bruka Sandnes-leira.
Men i 2006 slutta dei å produsera denne kommersielt. Det er jo ikkje det at det er slutt på leira i og rundt Sandnes, men eg har så langt ikkje sett syn på å ta spada fatt. Førebels har ei dansk leire blitt førstevalget mitt, så får me sjå korleis det vert etterkvart.
Ovanfor er eit utval av ting eg laga i blåleira frå Sandnes.
Ved å arbeida i nær kontakt med tradisjonsmateriale, utviklar eg vidare kunnskapen eg fekk frå Ellen Kjærgaard, Césàr Fariña og Hege Stenseng på Pottemakeriet ved Norsk Folkemuseum i Oslo.
Bakgrunnen min som etnolog er også til både glede og nytte i arbeidet.
Verkstedet,
Øvre Holmegt. 11
N-4006 Stavanger
tlf.: +47 958 76 353
e-brev: post(snabel-a) maaseidvaag.com
Ta kontakt for å avtala møte.