Båtar har i alle tider vore lasta med likt og ulikt. Kva sender me ut i verda frå våre hamner? Kva kjem til oss frå andre land og folk?
I midten av april i 2008, like ved Gramstadtjern, på vegen opp mot Dalsnuten, veks ein 10 meter lang kvelva båtform fram i levande pil. Skulpturen skal slå rot, og vil verta ei grøn og tett form om sommaren, og ei luftigare, bladlaus form om vinteren. Her vil turgåarar få eit spanande rom å rasta i, og kanskje – hvis dei ser godt etter – oppdagar dei skjulte skattar òg?
Me vonar også at tankar og draumar til dei over hundre elevane frå Aspervika skole og Hana skole, som deltok i prosjektet ved å laga både last i keramikk og å fletta skulpturar i pil, vert synlege.
Gramstadbåten skal vera ein stad der nye Sandnes-buarar kan visa oss sitt blikk på verda, og ein stad der nye opplevingar på mange plan kan ta til.
Prosjektet er utvikla saman med den danske pileflettaren Birgit Østergaard-Jensen og PileByg AS, og er del av Stavanger2008 – Europeisk kulturhovudstad sitt program.
Opning 27. april 2008 kl 12.00 ved ordføraren i Sandnes kommune.
Sjå fleire bilete her.
Ved å arbeida i nær kontakt med tradisjonsmateriale, utviklar eg vidare kunnskapen eg fekk frå Ellen Kjærgaard, Césàr Fariña og Hege Stenseng på Pottemakeriet ved Norsk Folkemuseum i Oslo.
Bakgrunnen min som etnolog er også til både glede og nytte i arbeidet.
Verkstedet,
Øvre Holmegt. 11
N-4006 Stavanger
tlf.: +47 958 76 353
e-brev: post(snabel-a) maaseidvaag.com
Ta kontakt for å avtala møte.