Full forvandling!

Ein frodig skulptur
Gramstadbåten i august

Kven skulle trudd at dette er den strame, snaue Gramstadbåten som vart opna i april? Rikeleg med sol og vatn har gjort at pilen har slått rot, og det er ikkje noko å seia på evna til å veksa i alle fall!

Lange, kraftige skot gjer Gramstadbåten til ein nesten levande organisme når vinden tek tak. Rommet inne er meir av ein inviterande tilfluktsstad no enn i vår, men for å få skikkeleg auge på lasta overalt i båten må ein vera ganske oppmerksam.

Velkomen inn
Skjulte skattar

Om Torunn

Ved å arbeida i nær kontakt med tradisjonsmateriale, utviklar eg vidare kunnskapen eg fekk frå Ellen Kjærgaard, Césàr Fariña og Hege Stenseng på Pottemakeriet ved Norsk Folkemuseum i Oslo.

 

Bakgrunnen min som etnolog er også til både glede og nytte i arbeidet.

Forhandlarar

  • Raulandsakademiet, Rauland
  • Torvhuset på Fotland mølle, Time
  • Fleire Husfliden-butikkar
  • Museet Kystens Arv, Rissa

Kontakt

Verkstedet,
Øvre Holmegt. 11
N-4006 Stavanger
tlf.: +47 958 76 353

 

e-brev: post(snabel-a) maaseidvaag.com

 

Ta kontakt for å avtala møte.