Eg stiller ut i Køhlerpaviljongen i Hå 9.-12. september, i samband med deira 150-årsjubileum.
Denne sommaren stiller eg ut i det austre fyrtårnet på Utsira.
Utstillingsopning i samband med Siradagane, søndag 13. juni kl 12.30.
Utstillinga vil visa korleis nordiske kunsthandverkarar og designarar i dag er opptekne av eit nytt folkloristisk språk og ei ny tolking av design for morgondagen.
I møte med Li Edelkoort sin personlege assistent fekk eg spørsmål om eg kunne utvikla ein ny kolleksjon med tanke på A World of Folk.
Ved å arbeida i nær kontakt med tradisjonsmateriale, utviklar eg vidare kunnskapen eg fekk frå Ellen Kjærgaard, Césàr Fariña og Hege Stenseng på Pottemakeriet ved Norsk Folkemuseum i Oslo.
Bakgrunnen min som etnolog er også til både glede og nytte i arbeidet.
Verkstedet,
Øvre Holmegt. 11
N-4006 Stavanger
tlf.: +47 958 76 353
e-brev: post(snabel-a) maaseidvaag.com
Ta kontakt for å avtala møte.